tirsdag 26. juni 2007

Ørskog-Fardal linja

Vel då var det på tide med det sinte innlegget eg har lovd dykk ei stund, nemlig det om Ørskog-Fardal linja.

Ørskog-Fardal linja er ei planlagd elektrisk linje på 420 KV som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre. Denne linja vil dermed gå gjennom store delar av Sogn og Fjordane fylke, gjennom store område verna og urørt natur. Nokre av trasseane går faktisk imot statlege vedtak. Planen er at denne linja skal forsyne industrien( olje og gass sektoren) på Møre, men problemet med den planen er at det ikkje er nok straum i Sogn og Fjordane til å rettferdiggjere ei 420 KV linje.

Litt om kva denne linja vil gjere med naturen: for det fyste vil den gå gjennom mykje verna og urørt natur. For det andre vil den ha ei klareringsone på 45 meter og i område der den går saman med andre linje vil den ha ei klareringsone på 90 meter! Om dette ikkje er eit skadeleg inngrep i naturen so veit ikkje eg.

Derfor vil ei av kampsakene til Sogn og Fjordane RV til valget vere at Ørskog-Fardal linja ikkje skal bli bygd.

Ingen kommentarer: