tirsdag 18. desember 2007

Flytta!

Jepp, eg har flytta. Eg har nemleg laga ny blogg på wordpress. Den gamle vil framleis vere her, men alle nye innlegg kjem på: rautml.wordpress.com.

tirsdag 4. desember 2007

Innlegg i Firda

Hent soldatane Heim!

Noreg er i krig. Ein okkupasjonskrig som blir meir og meir blodig for kvar dag som går. Kva krig er det eg snakkar om? Krigen i Afghanistan. Denne krigen gjer unge norske menn om til mordarar som drep sivile og motstandskjemparar. Det er ein krig som fører til at unge norske menn kjem heim i kiste. Det er ein krig som fører til at Taliban blir større og større på grunn av okkupasjonstyrkane si framferd. Det er ein krig der eit av verdas rikaste land bombar eit av verdas fattigaste. Og kvem tjener på dette?

Tjener norske arbeidarar på dette? Tjener afghanarar på dette? Nei! Dette er ein krig som berre tjener USA sine imperialistiske og geopolitiske interreser. Det er på tide at vi får ein slutt på dette. Noreg bør ikkje delta i ein slik krig. Hent soldatane heim!

Ja, eit avisinnlegg er kjekt å ha når ein føler ein må oppdatere bloggen sin kjapt. Dette innlegget sto på trykk i avisa Firda i førre veke.