søndag 16. september 2007

Tilbake! Igjen!

Då spør kanskje nokon av dykk dykk sjølve om kvifor det nesten berre er postar som omhandler min triumferande tilbakekomst i bloggosfæren. Er det for å vekke Interesse? Nei, det er fordi eg ikkje er den ivrigaste bloggaren. Men då spør de kanskje: "Ha Bjørnar noko nytt å melde?"

Ja, det har eg!

Eg kom ikkje inn på fylkestinget. Det er sjølvsagt litt leit, men RV har fått sin fyste ordførar! I Risør! Ellers er eg veldig nøgd med skulevalet i Sogn og Fjordane der vi greide å få 7,3 % av stemmene! Eg er og stolt av Høyanger RV som greide 11,5% og to mandat!

Ellers er begynt i siviltenesta. Eg har fått meg jobb på Slåtten skule i Førde og skal jobbe der eit år. Det trur eg blir veldig kjekt.

Anyhow neste oppdatering kjem om ei, antageligvis, lång stund.

tirsdag 21. august 2007

Tilbake i bloggosfæren

Vel etter eit lengre opphald er eg no tilbake i bloggosfæren. So kva har eg dreve med? Vel eg har vore på Raud Ungdom sin sumarleir. Det var veldig kjekt og kan absolutt anbefalast, vel viss ein ser vekk ifrå all myggen. Etter det har eg vore i HMKG avdeling GSK(Med andre ord garden) Det eg fekk ut av dette var ein ny sveis med lengde på dristige 1 mm. Kva gjer eg no? Valgkamp!

torsdag 12. juli 2007

Coming clean...

Eg har ei innrømmelse å komme med: Eg er ein jernbane-entusiast. Eg har høyrt at det skal finnast kameratar i røyrsla som blir opphissa av fabrikkpiper. Eg blir opphissa av jernbane. Men eg spør meg sjølv, er dette unormalt? Er dette eit avvik? Ikkje i mine auge. Jernbane er den mest effektive transportforma menneskeheten har, det er få transportmiddel som kjem opp i samme fart og tonnasje som jernbana.

Men eg, som jernbaneentusiast i Sogn og Fjordane, har eit problem. Nemlig det at vi berre har ei jernbanestrekning i Sogn og Fjordane, den 20 kilometer lange Flåmsbana. Personlig meiner eg at jernbane"nettet" vi har her i landet er ein vits. Det vi har er ei stjerne som går utifrå Oslo. Derfor syns eg at vi bør bygge meir jernbane her i landet, om enn berre for å hjelpe folk som meg.

søndag 1. juli 2007

Ubuntu!

Eg har endra operativ-system på dataen min. Null meir Windows Vista, no har eg Ubuntu Linux!

tirsdag 26. juni 2007

Ørskog-Fardal linja

Vel då var det på tide med det sinte innlegget eg har lovd dykk ei stund, nemlig det om Ørskog-Fardal linja.

Ørskog-Fardal linja er ei planlagd elektrisk linje på 420 KV som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre. Denne linja vil dermed gå gjennom store delar av Sogn og Fjordane fylke, gjennom store område verna og urørt natur. Nokre av trasseane går faktisk imot statlege vedtak. Planen er at denne linja skal forsyne industrien( olje og gass sektoren) på Møre, men problemet med den planen er at det ikkje er nok straum i Sogn og Fjordane til å rettferdiggjere ei 420 KV linje.

Litt om kva denne linja vil gjere med naturen: for det fyste vil den gå gjennom mykje verna og urørt natur. For det andre vil den ha ei klareringsone på 45 meter og i område der den går saman med andre linje vil den ha ei klareringsone på 90 meter! Om dette ikkje er eit skadeleg inngrep i naturen so veit ikkje eg.

Derfor vil ei av kampsakene til Sogn og Fjordane RV til valget vere at Ørskog-Fardal linja ikkje skal bli bygd.

tirsdag 12. juni 2007

Nytt innlegg! YAY!

No har eg ikkje oppdatert bloggen her på eit par dagar, so kva har eg dreve med? Vel på torsdag var det tid for eit radikalt stilskifte, nemlig det å la lokkene falle. Eg har no kort hår igjen etter mange år med langt, rufsete ragg. På laurdag var det tid for fylkessamling for Sogn og Fjordane Raudt og med foredrag av Erling Folkvord og programdiskusjon. Deretter var det fylkessamling for Sogn og Fjordane Raud Ungdom med tale og debatt-teknikk kurs ved Jo Skårderud. At det berre var folk frå Førde Raud Ungdom som møtte la sjølvsagt ein viss dempar på stemninga. På søndag var det stølstur i lag med slekta. Etter å ha bada i Trodalsvatnet presterte eg å bli hetig solbrent.

Anyhow no skal eg snart skrive ein post om Ørskog-Fardal linja.

tirsdag 5. juni 2007

Kollektivtransport

Vel, eg tenkte det var på tide med noko skikkeleg politikk på bloggen. So derfor skal eg no snakke om mine vyar for kollektivtransporten i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er for dei som ikkje veit det eit utkantsfylke, og har derfor ikkje like god kollektiv-tilbod som til dømes Oslo. På tross av dette har Sogn og Fjordane eit godt kollektivnett, enkelte plassar.

For dei som bur langs hovudferdselslinjene er det bra, her går det opptil fleire ekspressbussar kver dag. For meg som bur mellom Førde og Florø er det og lett å ta kollektivtransport. Men dette gjelder ikkje for dei som bur i utkantane. La oss ta eit døme frå mitt nærområde: Frå Førde til Florø og tilbake igjen er det mange avgangar kver dag. Frå Vevring( bygd ute i fjorden) til Naustdal har pipa ein heilt anna låt. Her er det berre skulebussar som går. Er dette rett?

Derfor vil eg med dette seie følgande:" Betre kollektivtilbod, både for utkant og sentrale strok!" Eg meiner og det bør være billigare å ta buss( i motsetning til arbeidarpartiet som vil gjere det dyrare!). Eg vil ha GRATIS buss! På denne måten vert det enklare for folk å ta steget frå å køyre bil til å reise kollektivt.