tirsdag 26. juni 2007

Ørskog-Fardal linja

Vel då var det på tide med det sinte innlegget eg har lovd dykk ei stund, nemlig det om Ørskog-Fardal linja.

Ørskog-Fardal linja er ei planlagd elektrisk linje på 420 KV som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre. Denne linja vil dermed gå gjennom store delar av Sogn og Fjordane fylke, gjennom store område verna og urørt natur. Nokre av trasseane går faktisk imot statlege vedtak. Planen er at denne linja skal forsyne industrien( olje og gass sektoren) på Møre, men problemet med den planen er at det ikkje er nok straum i Sogn og Fjordane til å rettferdiggjere ei 420 KV linje.

Litt om kva denne linja vil gjere med naturen: for det fyste vil den gå gjennom mykje verna og urørt natur. For det andre vil den ha ei klareringsone på 45 meter og i område der den går saman med andre linje vil den ha ei klareringsone på 90 meter! Om dette ikkje er eit skadeleg inngrep i naturen so veit ikkje eg.

Derfor vil ei av kampsakene til Sogn og Fjordane RV til valget vere at Ørskog-Fardal linja ikkje skal bli bygd.

tirsdag 12. juni 2007

Nytt innlegg! YAY!

No har eg ikkje oppdatert bloggen her på eit par dagar, so kva har eg dreve med? Vel på torsdag var det tid for eit radikalt stilskifte, nemlig det å la lokkene falle. Eg har no kort hår igjen etter mange år med langt, rufsete ragg. På laurdag var det tid for fylkessamling for Sogn og Fjordane Raudt og med foredrag av Erling Folkvord og programdiskusjon. Deretter var det fylkessamling for Sogn og Fjordane Raud Ungdom med tale og debatt-teknikk kurs ved Jo Skårderud. At det berre var folk frå Førde Raud Ungdom som møtte la sjølvsagt ein viss dempar på stemninga. På søndag var det stølstur i lag med slekta. Etter å ha bada i Trodalsvatnet presterte eg å bli hetig solbrent.

Anyhow no skal eg snart skrive ein post om Ørskog-Fardal linja.

tirsdag 5. juni 2007

Kollektivtransport

Vel, eg tenkte det var på tide med noko skikkeleg politikk på bloggen. So derfor skal eg no snakke om mine vyar for kollektivtransporten i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er for dei som ikkje veit det eit utkantsfylke, og har derfor ikkje like god kollektiv-tilbod som til dømes Oslo. På tross av dette har Sogn og Fjordane eit godt kollektivnett, enkelte plassar.

For dei som bur langs hovudferdselslinjene er det bra, her går det opptil fleire ekspressbussar kver dag. For meg som bur mellom Førde og Florø er det og lett å ta kollektivtransport. Men dette gjelder ikkje for dei som bur i utkantane. La oss ta eit døme frå mitt nærområde: Frå Førde til Florø og tilbake igjen er det mange avgangar kver dag. Frå Vevring( bygd ute i fjorden) til Naustdal har pipa ein heilt anna låt. Her er det berre skulebussar som går. Er dette rett?

Derfor vil eg med dette seie følgande:" Betre kollektivtilbod, både for utkant og sentrale strok!" Eg meiner og det bør være billigare å ta buss( i motsetning til arbeidarpartiet som vil gjere det dyrare!). Eg vil ha GRATIS buss! På denne måten vert det enklare for folk å ta steget frå å køyre bil til å reise kollektivt.

mandag 4. juni 2007

Eksamen...

I dag hadde eg min siste skriftlege eksamen for i år. Når ein då er ferdig med det skitet må det vere lov til å seie følgande:" Wow, i feel good!"

Seriøst, eksamen er eit merkeleg prosjekt. Ein tar ein flokk med elevar, som er eit slags tverrsnitt av den lokale befolkninga, plasserer dei i eit rom der all menneskeleg kontakt må foreg med ein flokk 70-åringar( eksamensvaktar). Dei må forholde seg heilt stille og skrive ei oppgåve. Og utifrå dette skal ein bedømme kor bra ein elev har gjort det i løpet av året.W00t? Skal dagsformen ein dag verkeleg bety so mykje for resten av livet ditt. Berre ullball spør du meg.

Anyhow, eg er ferdig. So no skal eg slappe heilt av!

lørdag 2. juni 2007

Raut (m-l)!!!

Ja, då er dagen komen. Eg, Bjørnar Berge, har oppretta ein blogg. Eg har ved tidlegare anledninga hevda at bloging berre er noke ein gjer for å pleie sitt ego, ergo har eg tydeligvis fått eit behov for å pleie egoet mitt. Eller kanskje spre eit budskap? Det er i alle fall unnskyldninga eg kjem til å bruke. Navnet, Raut (m-l) er ein tribute til fagleg ansvarleg i Raud Ungdom( Noregs beste ungdoms-organisasjon) Jørgen Hamre Sveen. For dei som ikkje veit det er eg medlem av RU og partiet Raudt. Eg var på stiftingskongressen til nemnte parti og gjekk i namnedebatten inn for namnet Raudt, eller Rødt på bokmål( Roxxat på samisk trur eg). Eit av den tidlegare nemnte Hr. Hamre Sveen sine argument mot dette namnet var måten det høyrast ut på dialekta mi, nemlig Raut( som i Mooo).

Anyhow, der var namnet forklart. Denne s bloggen skal handle om mine politiske interessar, musikk, hobbyar. Generelt eit innblikk i livet mitt! Eg har og fått den ære å vere fystekandidat ved fylkestingsvalet for Sogn og Fjordane Raudt. Derfor vil eg bruke bloggen som eit valgkamp-verktøy. Dokke kan like gjerne byrje å stemme Raudt med ein gong.

P.S.
Denne bloggen er ikkje skreve på korrekt nynorsk, men korleis eg føle for å skrive ting akkurat der og då. So alle grammatik-fanatikara kan enten kjefte på meg til dei går lei, eller helde seg vekke.

Bjørnar Berge