tirsdag 13. november 2007

Nokre av tinga ein får på ein barneskule

Her er ei liste over noken av tinga eg føle eg har fått utav den tid eg har arbeida på slåtten skule:

Sjukdom: Når ein jobbar på ein barneskule får ein i seg omtrent alt av sjukdommar. Sjøl har eg vore heime med feber i dag. Den einaste trøsten er at når eg er ferdig kjem eg til å ha det beste immunforsvaret nokon gong.

Forståing av kvifor det blir krig i verda. Ungar i 1 og 2. klasse kan krangle om kva som helst, omtrent som statsleiarar.

Teikningar: Dette er den store fordelen. Eg får teikningar som eg ikkje forstår kva skal førestille minst ein gong i monaden.