16. oktober 2007

Industrikraft NO!

Norsk industri er i stor grad kraftkrevjande tungindustri. Denne har bygd seg på tilgang billeg og miljøvenleg kraft. Ein skulle tru at dette var ei hovudprioritering frå regjeringa si side å sikre.

Men det verkar ikkje slik. Industrikraftskontraktane er i ferd med å gå ut og regjeringa ser ikkje ut til å bry seg nemneverdig. På spørsmål om industrikraft svarar dei at det er noko dei jobbar med. Det har dei gjort i snart tre år.

Derfor vil propagandakanalen rette ein appell til olje- og energi minister Åslaug Haga: "Sikr industrien kraft no!"

Kvifor? For å trygge arbeidsplassar, for å sikre ein miljøvenleg industri, for å hindre utflagging og ta vare på lokalsamfunn i distrikta( som til dømes Høyanger).

Men ein kan sjølvsagt ikkje forsyne industrien med billeg kraft utan å stille krav. Det fremste av desse må vere ein strengare utsleppspolitikk. Ein bør og stille krav som motarbeider grådighetskulturen ein ser i direktørsjiktet i samfunnet i dag.

Åslaug! Industrikraft er viktig for store delar av Noreg si befolkning. Derfor bør Regjeringa snarast mogleg få på plass eit nytt industrikraft regime.

Les dette og andre bra innlegg på propagandakanalen.blogspot.com

0 kommentarer: